Takkebrev fra Andreas.

Andreas Svingheim Magerøy, som sammen med Kari flyttet til Lillehammer i fjor, har bestemt seg for å løpe for Lillehammer OK neste år. Kari meldte overgang til Lillehammer i vinter. Andreas har sendt et takkebrev til Frol, som vi ønsker å legge ut her. Samtidig som vi ønsker Kari og Andreas lykke til i sin nye klubb!

Takk!

Det er med blanda kjensle eg skriv til alle i Frol Orientering og takkar for følget. Glad for opplevingar og prestasjonar eg har fått dele med dokke. Vemod for at eg ikkje lenger skal vere med i gjengen som årleg dreg ut på TIO- og Jukola-tokt. Takknemleg for alle som har bidrege til mi utvikling. Offensiv med tanke på Lillehammer og heilt nye type utfordringar for meg her. Mange gode minne er forma saman med dokke. Nokre i konkurranse og på trening, veldig mange utanfor.

Lillehammer-Levanger er litt for langt til at eg får den daglege kontakten som gjer det mogleg å prestere og bidra godt i klubben. Det kjennest derfor som det riktige tidspunktet å skifte klubb. På Lillehammer er ei vaksande gruppe barne- og ungdomsløparar som det blir spennande å følgje opp framover. Eg håper også vi kan blåse liv i seniormiljøet her, slik at vi sjåast på stafettar framover også.

(Fortsetter under bildet)

Det er over åtte år sidan eg flytta inn i den lille kjellerbustaden i Gamle Kongevei. I åtte år har folk spurt meg kvifor eg spring for Frol. Grunnen til at dei spør kan vere forskjellig. Det kan vere dei er overraska over at eg ikkje spring for ein klubb på Vestlandet, eller har bytta til NTNUI. Mange lurer på kva eg har med Trøndelag å gjere. Nokre har aldri høyrd om Frol. Svaret eg gir er alltid det same: Eg har vore levangsbygg i eit år, eg trivast i klubben, og Frol IL Orientering er blant dei beste i verden.

Eg valde Levanger etter vidaregåande fordi der var det beste juniormiljøet i Norge og fordi Fritjof ordna eit jobbintervju som passa meg ypperleg. Stort meir skulle ikkje til. Grunnane for å bli verande i klubben har vore langt fleire, sjølv om «toppsatsinga» mi ikkje varte i stort meir enn eit år. Dokke tok imot meg på ein veldig god måte i frå første stund og eg fann meg fort til rette på Levanger, ein stad eg kan anbefale kven som helst. Takk til alle som bidrog til å gjere året mitt på Levanger til eit utruleg lærerikt, opplevingsfullt og artig år.

Året på Levanger enda på mange måtar med juniorstafett-bronse på Tosebygda, Østfold. Norges desidert beste andrelag, revansje for eit diska førstelag, og min einaste NM-medalje. For meg vart stafettane dei viktigaste høgdepunkta i åra etterpå. Takk for at eg har fått vere med på reisa og vere ein del av teamet som har løfta Frol opp blant verdens beste stafett-klubbar. Gleder meg til å følgje med i åra som kjem. Eg heier på Frol! Og kan truleg fortsette med det då Lillehammer neppe blir ein stor konkurrent med ein gong.

Takk for meg og takk til dokke, alle saman.

Andreas